Fri dom

By Sunniva Strauman.

DOMMEN OVER FORHOLDETS FRIDOM UNDER KONTROLL

Det er kanskje i storbyen eigaren treng hunden sin som mest, på sett og vis. Og hunden vert minst like avhengig, på sitt vis. Ingen stad kan han gå utan sin eigar, like ved. Aldri lenger unna enn på armlengdes avstand. Ingen stad kan eigaren gå utan å ta omsyn til sin hund. Aldri lenger unna kan han reise enn at han kjem heim til sin kjære hund når dagen er omme, for å mate, lufte og ta vare på. Kor godt det kan kjenst ut at nokon trenger ein.

Er det eigentleg så sunt? Lèt vi oss lure av eventyrforteljingar i forhold til hund?

Draumen om eigar og hund i harmoni er godt kjent. I alle tider har der vel fantes vandrarhistoriar om desse to, som duo. Dei er kvarandres beste ven, næraste kompanjong og livsledsagar, dag etter dag, gjennom tjukt og tynt held dei saman. Frå tidleg i livet til dauden skiljar ad, står dei side om side. Dei forstår kvarandre, på eit djupare plan. Ord vert overflødige. Dei kommuniserer ved hjelp av telepati, og kan lese kvarandres tankar. Den varme omsorgen og ubetinga kjærleiken har ingen ende.

Kanskje er det ikkje alltid heilt sånn i røynda. Røyndomen er vel faktisk nokså ofte hakket dystrare enn som så. Særleg i storbyen. Statistikken veit å syne kor det er ein held saman, og kven som trur mest på at Hollywood-film ikkje berre er for lerretet, men også i det verkelege liv. Historia om helten som gjer eit offer for å redde dei som er svakare enn han. Berre ein finn den rette vert det vel ein lukkeleg slutt, eller kva?

Tek reality over? Drøymer vi oss vekk frå realiteten?

Hundeeigaren er ideelt sett den ansvarlege, og mogen, vaksen og vaken i si åtferd. Hunden er som eit uskuldig barn. Allereie her er det mange skjær å støte på. Nokre gongar skulle ein tru det var motsett. Barnesår som har vorte til angst i vaksen kropp. For kven er det som treng den andre mest? Kven er det som klamrar og held fast? Kven er mest påverka av frykt? Frykt for å vere åleine, frykt for å miste, frykt for avvising og frykt for det stille og rolege, sårbare. Fekk vi oss hund fordi hunden kunne få det fint hjå oss, eller fordi det hadde vore fint med hund for oss?

Dei vert begge to veldig skjøre i avhengigheita si, til kvarandre. Avhengigheitsforhold som ikkje toler for mykje motgang og distanse. Dei har ikkje alltid godt av kvarandre, særleg sidan eigaren truleg skaffa seg hunden fyrst og framst ut or redsle for tomheita og einsemda. Ikkje fordi eigaren var heil, god, trygg i seg sjølv allereie før hen i det heile teke vurderte å skaffe seg hund. Tilknyting til kvarandre på skeivt grunnlag, husbygging på grunnmur ut or balanse. Sjølve definisjonen på usunt avhengigheitsforhold.

I storby kan ein godt gå tur fleire gongar om dagen, men der er grenser for kor lang lengda på bandet kan vere. Ein veit aldri kor og når neste menneske, hund, fugl eller anna blikkfang dukkar opp, og då gjeld det å halde stram line og behalde full kontroll nokså kvikt. Her er ikkje rom for mykje kvikk lunsj, før det går for langt. Det tek ikkje lang tid før hundenasen får snusen i noko og nyfikenheita vert tent. Ein kan ikkje stole på at det ender godt med for mykje fridom i travel storby, så her gjelds det å ta forhandsreglar skal ein ikkje rote seg bort i noko dumt. For slakk line kan resultere i angrep, bortkomenheit eller det som verre er; såkalla nye “bekjentskap”. Gud forby ein slik utru tenar. Det kan tyde enden på visa. Og då ender det sjeldan godt.

Men om det skulle ta slutt må ein ikkje vere redd for å gje slepp. Her er det mange som tviheld på det som var, framfor å omfamne det som er og såleis opne opp for det som kan verte. Det finst andre hundar der ute. Det vert aldri det same, greitt nok, men det kan jo verte veldig fint likevel, kan det ikkje?

Å redde og verte redda. Kva er det vi er så redde for? Korfor er vi så redde?

Redd for å mangle, gå glipp av. For at livet skal glippe mellom fingrane våre. Men er det fyrst når vi prøver å gripe tak i det at livet svinner frå oss? Som sand. Kanskje er livet ei strand, og vi vert blenda av gyldne sandkorn, livets augneblikk. I blindheit samlar vi ein handfull og prøver så godt vi kan å ikkje la eit einaste sandkorn sleppe fri. Men kan eit augneblikk vare lenger enn nett det, eit augneblikk? Korfor trur vi så ofte at løysinga er meir kontroll, strengare kommandoar, mindre godtgjersle, kortare, strammare line? Ser vi ikkje at handa vår er forma som ein knyttneve, som kjempar for det harde liv? Vi kjempar for harde livet, eit evig jag, men for kva? Kva er det som er så farleg med tillit, tolmod, tru på at alt ordnar seg? Indre tryggleik og ro, må det vere så vanskeleg å finne?

I mindre by går det betre. Der er det kortare avstand til naturen og lengre avstand mellom menneska. Halvslakk line, halvlang lengde på bandet. Litt meir rom for tillit. Litt meir rom å boltre seg i. Litt ork å dra ut i naturen dagleg, men er det for langt har du kanskje ein park i nærleiken, eller i det minste hagen. Hagen er mindre bys største gåve til hunden. Og til den litt late hundeluftaren.

I mindre by skaffar dei seg kanskje hund av di alle andre gjorde det, og dei verka så lukkelege alle saman, iallfall på Instagram. Særleg dersom dei hadde med søte husdyr på bileta, fekk dei ekstra mange likes. Mange lever for likes. Sånn vil eg også ha, tenkjer den naive millenial, og drøymer seg vekk i fantasien om alt muleg som får hen til å kjenne seg komplett. Eit husdyr til dømes. Då er det lett å gå på ein smell. Det er ingen bombe.

På bygda er fridomen litt nærare i balanse. Her er eigar og hund frie i si avhengigheit til kvarandre. Dei knyt band til kvarandre, vert glade i kvarandre. Dei er ikkje nøydd til å vere saman med kvarandre heile tida, og hunden kan springe fritt ute på gardsplassen og i skogen like ved. Eigaren føler seg trygg i avgjersla på å sleppe den andre fri, og stoler på at hunden kjem attende etter å ha fått sett seg rundt, og lufta seg ferdig. Der er fred og ro i heimen, og ikkje minst i sinnet. Der er rom til å dyrke eigen, såvel som felles, lidenskap og nærleik. Ein koser med kvarandre kvar dag, såvel som dei koser seg i eiget selskap. Alle synst det er kos.

Likevel er livet på bygda på gamlemåten. Vert det for ille må forholdet ende og hunden må skytast. Rive det av som eit plaster, ikkje utsetje nokon for unødig smerte. Såleis vert eigaren kanskje meir takksam for kvart eit augneblikk ein får, vel vitande om at det ikkje varer evig. Ingenting varer evig. Kanskje varer dette livet saman, samlivet, i ti-femten år. Forventer ikkje meir. Det vert som det vert. Dei har gode augneblikk saman, ein god tone, latter og leik. Akkurat passe mengd alvor og grensesetjing. Dei skapar tryggleik og kjærleik seg imellom. Det held i massevis for eit godt liv.

Faren er at rovdyret kan ta husdyret, og trollet kan ta deg, men den risikoen må ein kanskje berre ta.

– Solstrauman

Snödans

Då ei skjære flaug frå eit tre til eit anna, på veg til yoga, i godt selskap av nydeleg vêr og ruta eg skal gå på gullapp, sidan det trass i alt er nokså analog onsdag. Eg er vaken og i rute, tidleg nok ute.

Då jagarflyets lange, kvite hale strakte seg over den blå himmelen, under krigaren. Eg sovnar undervegs, både før og etter. Trøyttleiken veit å styra meg.

Då eg drakk god og varm te, for eit pust i bakken før heimvegen. Etterfylgt av å eta ut av angst, og ikkje svolt, før eg sovnar på sofaen på helsesenteret. Solglimt mellom skyar kikkar ned på meg og smiler. Slik har ho, sola, sett meg før. Ho dømer ikkje.

Då eg gjekk heimover og urskrik meg i hjartet, og eg kjenner på inspirasjonen. Det ropar, kallar på meg: Musikken min. Hjartemusikk. Samstundes kviskrar ei stemme i hovudet mitt: Skal du berre halde på med dette? Kva for musikar skal du vera då? For du må velja, og velja vekk. Kva med draumen du ein gong såg føre deg? Ja, kva med han?

Eg druknar forvirrandes tankar i Nydalsdammen, og får ikkje på meg sko etterpå for eg kjenner ikkje fingrane mine lengre. Ikkje tærne heller, for den saks skuld. Frosne fingre og tær til besvær.
Men vatnet tok meg imot så skjærandes kjærleg, som berre isvatn kan, med opne armer, og eg taklar kulda overraskandes godt no. Sakte, men sikkert, vert vi venar, vi to. Og eg fekk til slutt på meg sko, og traska heimover.

Då eg stod i dusjen, og finn attende til varmen att, utan at eg vil at det skal ta slutt. “Berre litt til”… Idet eg rykker til fordi eg nesten sovnar inn, ser eg føre meg blodige konsekvensar hadde eg ikkje funne balansen i tide. Eg skrur temperaturen over på den kalde sida av spekteret, og sørgjer for å vakna til, nok, til at eg kjem meg i kleda før eg må kvila. Lukka auga og drøyma meg bort, for å koma meg til hektene att etter tidleg morgon, mosjon og isbad.

Då eg gjekk til busstoppet Nydalen stasjon, og personen som går over brua over ringvegen stryk av snyen frå gelenderet som danser seg ned mot og over meg der eg kjem gåandes under, og eg hengjev meg til han med utstrekte armer. Heilt og haldent, trygg i meg sjølv og tilfreds, med eit lite smil om munnen. Friske snøfnugg kiler meg i andletet,
medan trafikken susar forbi og får meg til å pusta overfladisk framfor djupt ned i lungene, i frykt for eksos i greinene mine, som kan få sjølv den raudaste hjarterose til å visna hen, skulle ho vera så uheldig å stå i vegkanten til ein trafikkert ringveg i Oslo for lenge.

Då Sonia song i mausoleumet og eg haldast i live av sidemannen som velviljug har teke på seg oppdraget å dulta meg i sida så fort eg forsvinn. Omringa av vakker, myrk kunst, ser eg meg sjølv, så vel som menneskeheita, fortapt, i vår eigen seksuelle spiral. Liv og daud. Unnfanga, fødsel. Kjærleik? Von?
Der finst i det minste ljos mellom alt det myrke, skumle, valdsame. Er det engleljos eg ser? Naturkraftig urkvinne.

Vi forelsker oss kanskje
noen føder barn
våre nærmeste dør
og den følelsen vi får
av at vi opplever noe ekstraordinært
er ment som en advarsel
en påminnelse om hvor viktige våre liv er
men også hvor dårlige vi er
til å sette oss inn i andres situasjon
til å forstå på avstand

ukjend
Islandsk sol.

Då mirrored heart kjem snikandes, heilt frå avansert teknologi og til øyret mitt, samstundes som orda frå ifjor treff meg som eit (hjarte)slag. Hjartesukk. Kven skulle tru at ei dagbok fylt av takksemd og gode augneblikk kan bera på så mykje smerte, når eg ser attende, no, eitt år seinare? Kjenner på sakn.

But I’m never gonna give up
Though I’m probably gonna think about you all the time
And for the lovers who found a mirrored heart
They just remind me I’m without you

They just remind me I’m without you
They just remind me I’m without you

FKA twigs, mirrored heart

Eg veit ikkje om eg skal smila eller gråta til filmmusikken som minnar meg sånn om deg, og oss, mitt modige hjarte (mothjarte). Førebels gjer eg begge delar.

Eg gjev slepp, tåre for tåre. Med eit stille smil, inst inne, i hjarterota.

– Sólstrauman

Svarte slør og mørke nett utan miskunn

Gardermoen_SunnivaHalstensen
_by me @Gardermoen

Den digitale angsten
spreier seg
i heile kroppen
berre av tanken

tanken på abstrakte konturar
som mørke rom
utan veggar

ingen dør
der ingen lev
kan ingen å leve?
er det liv her?

angst til besvær
hen overdriv sikkert
heilt sikkert

kor vanskeleg kan det vere?
kan du ikkje berre gjere det?
berre få det gjort?

tru kor mange gongar
eg sjølv
har lurt på nett det
for det er nett det
som gjer nettet så frustrerande

korfor må det vere sånn?
så fengslande
så bindande
så hypnotiserande
så fortryllande

heksekunst og svart magi
man sa det var tull og fanteri
man skreiv boka om historia
for så å omskrive ho
tilpasse ho og forme ho
som det passa

man endra ho litt etter litt
gjorde ho god og rund i kantane
for så å kritisere ho
håne ho med spytt i andletet

mørke kjellarar treng skitten jord
dustar og troll
i forkledning
på utkikk etter kjærleik og elskov
med underkua nikkedokker
tyste som brød
nærast tagale
slike ein kan misbruke
men nøkken lar seg ikkje føkke med

ufridom så svart som natta er lang
høyrer du songen om livsens gang?
vonbroten song
ifrå kvalflokken
gråtkjøvde skrik
heilt til alt går dukken
hummar og kanari
ja, det er takken

takk for lagnadens hete
takk for informasjonens fokk
takk for handlingslamming
takk for byrdens sjokk

der er ingen her som slår eller tvingar
vi går planken
utan vingar
fri som fuglen
går vi på vatnet
der straffa kjem for ein dag

med kvasse barberblad mot songstrupen
flyg vi i strupen på andre, på kvarandre
tek faste strupetak om skjør hals
i rein og skjær dødsangst
dansar vi livets evige dødsvals
kvelt av mangel på rein luft
helst så frisk at det skjer i lungane

edderkoppdronninga veit kva ho gjer
ho veit nøyaktig kva ho gjer
ho har spunne nett så lenge ho kan hugse
god på kjerringrokken er ho no
(best å gøyme seg)

med svart slør dekk ein seg til
men gjer ein det fordi ein vil?
kva kan ein påleggast, tvingast til
utan at det vert tvang?

tving meg til å følgje deg
følgje med
alt du send min veg
som ei tvangstrøye

du ber meg så pent
om ikkje eg kan ikle meg ho
friviljug såklart
fridomens tvangstrøye

eg har då eiga fri vilje
frie val ligg oss nær nemleg
demokratiske som vi er
det er klart vi ivaretek eit krav så kjært
faktisk nokså openbert
er det

er det?