Snödans

Då ei skjære flaug frå eit tre til eit anna, på veg til yoga, i godt selskap av nydeleg vêr og ruta eg skal gå på gullapp, sidan det trass i alt er nokså analog onsdag. Eg er vaken og i rute, tidleg nok ute.

Då jagarflyets lange, kvite hale strakte seg over den blå himmelen, under krigaren. Eg sovnar undervegs, både før og etter. Trøyttleiken veit å styra meg.

Då eg drakk god og varm te, for eit pust i bakken før heimvegen. Etterfylgt av å eta ut av angst, og ikkje svolt, før eg sovnar på sofaen på helsesenteret. Solglimt mellom skyar kikkar ned på meg og smiler. Slik har ho, sola, sett meg før. Ho dømer ikkje.

Då eg gjekk heimover og urskrik meg i hjartet, og eg kjenner på inspirasjonen. Det ropar, kallar på meg: Musikken min. Hjartemusikk. Samstundes kviskrar ei stemme i hovudet mitt: Skal du berre halde på med dette? Kva for musikar skal du vera då? For du må velja, og velja vekk. Kva med draumen du ein gong såg føre deg? Ja, kva med han?

Eg druknar forvirrandes tankar i Nydalsdammen, og får ikkje på meg sko etterpå for eg kjenner ikkje fingrane mine lengre. Ikkje tærne heller, for den saks skuld. Frosne fingre og tær til besvær.
Men vatnet tok meg imot så skjærandes kjærleg, som berre isvatn kan, med opne armer, og eg taklar kulda overraskandes godt no. Sakte, men sikkert, vert vi venar, vi to. Og eg fekk til slutt på meg sko, og traska heimover.

Då eg stod i dusjen, og finn attende til varmen att, utan at eg vil at det skal ta slutt. “Berre litt til”… Idet eg rykker til fordi eg nesten sovnar inn, ser eg føre meg blodige konsekvensar hadde eg ikkje funne balansen i tide. Eg skrur temperaturen over på den kalde sida av spekteret, og sørgjer for å vakna til, nok, til at eg kjem meg i kleda før eg må kvila. Lukka auga og drøyma meg bort, for å koma meg til hektene att etter tidleg morgon, mosjon og isbad.

Då eg gjekk til busstoppet Nydalen stasjon, og personen som går over brua over ringvegen stryk av snyen frå gelenderet som danser seg ned mot og over meg der eg kjem gåandes under, og eg hengjev meg til han med utstrekte armer. Heilt og haldent, trygg i meg sjølv og tilfreds, med eit lite smil om munnen. Friske snøfnugg kiler meg i andletet,
medan trafikken susar forbi og får meg til å pusta overfladisk framfor djupt ned i lungene, i frykt for eksos i greinene mine, som kan få sjølv den raudaste hjarterose til å visna hen, skulle ho vera så uheldig å stå i vegkanten til ein trafikkert ringveg i Oslo for lenge.

Då Sonia song i mausoleumet og eg haldast i live av sidemannen som velviljug har teke på seg oppdraget å dulta meg i sida så fort eg forsvinn. Omringa av vakker, myrk kunst, ser eg meg sjølv, så vel som menneskeheita, fortapt, i vår eigen seksuelle spiral. Liv og daud. Unnfanga, fødsel. Kjærleik? Von?
Der finst i det minste ljos mellom alt det myrke, skumle, valdsame. Er det engleljos eg ser? Naturkraftig urkvinne.

Vi forelsker oss kanskje
noen føder barn
våre nærmeste dør
og den følelsen vi får
av at vi opplever noe ekstraordinært
er ment som en advarsel
en påminnelse om hvor viktige våre liv er
men også hvor dårlige vi er
til å sette oss inn i andres situasjon
til å forstå på avstand

ukjend
Islandsk sol.

Då mirrored heart kjem snikandes, heilt frå avansert teknologi og til øyret mitt, samstundes som orda frå ifjor treff meg som eit (hjarte)slag. Hjartesukk. Kven skulle tru at ei dagbok fylt av takksemd og gode augneblikk kan bera på så mykje smerte, når eg ser attende, no, eitt år seinare? Kjenner på sakn.

But I’m never gonna give up
Though I’m probably gonna think about you all the time
And for the lovers who found a mirrored heart
They just remind me I’m without you

They just remind me I’m without you
They just remind me I’m without you

FKA twigs, mirrored heart

Eg veit ikkje om eg skal smila eller gråta til filmmusikken som minnar meg sånn om deg, og oss, mitt modige hjarte (mothjarte). Førebels gjer eg begge delar.

Eg gjev slepp, tåre for tåre. Med eit stille smil, inst inne, i hjarterota.

– Sólstrauman

Leave a comment